Korleis trollbinde ein 2. klasse ein heil time? - Innlandet fylkeskommune

Korleis trollbinde ein 2. klasse ein heil time?

Ei forestilling med fleire av Astrid Lindgrens figurar er på turné med Den kulturelle skolesekken. Elevane ved Brandbu barneskole var ivrige tilskodarar.

En forestilling med fleire figurar frå Astrid Lindgrens univers.  - Klikk for stort bildeEn forestilling med fleire figurar frå Astrid Lindgrens univers. Marie Hundevadt Begeistringa frå læraren var reell då Maja Bekken var ferdig med den første Astrid Lindgren-forestillinga på Brandbu denne dagen:

- Ho trollbandt 2. klassingane i ein heil time, i eit gjennomgangsrom!

50 elever var oppslukte i visninga som er basert på barne-biografien om Astrid Lindgren, skriven av Agnes Margrete Bjorvand. For skodespelaren er det etter fyrste forestilling tid til litt mat og klargjering før neste elevgruppe kjem inn.

Boka som vil fortelja seg sjølv

«Du lurer oss sånn at vi ler og det blir gøy!» sa ein av 1. klasseelevane etter forestilling nummer to denne dagen.

Forestillinga byrja nemleg som ei ganske ordinær høgtlesing, men så tek boka overhand og vil fortelja historia om Astrid Lindgren sjølv.

Det er skodespelar Maja Bekken si erfaring med manipulasjon av objekt og som dukkefører som kjem til sin rett her, i denne produksjonen som er utvikla i samarbeid med Den kulturelle skolesekken i Oppland/Innlandet.

Gullet i kulturpolitikken

Tidlegare avdelingsdirektør i Kulturtepartementet, Øystein Strand og no konstituert direktør for Kulturtanken, er begeistret for DKS-ordningen.

- Den kulturelle skolesekken er verdens beste ordning for kunstformidling for barn og unge – virkelig gullet i kulturpolitikken, sier han.

Den kulturelle skolesekken er ei nasjonal satsing som sikrar at alle skuleelevar i Norge møter profesjonell kunst og kultur av alle slag, uavhengig av bustad og sosiokulturell bakgrunn. I Innlandet fylke er ordninga handsama av avdeling for Kultur.

Nokon får besøk av DKS når du les dette

Skodespelaren sjølv er godt nøgd med dagen.

- Det er artig å koma inn i skulekvardagen og gjere ting elevane ikkje forventar, seier ho medan ho pakkar saman tinga sine etter endt turnédag. Det er gjevande å få lov til å vise noko for så små, for dei lev så i nuet, kaster seg med, stiller spørsmål og er så umiddelbare, seier Bekken.

I fem veker skal ho reise rundt i fylket og møte 1. og 2. trinnselevar med forestillinga. Når forestillinga er reist vidare kan elevane lese meir om Astrid Lindgren og hennar forundelege univers i boka Maja deler ut som takk for seg. Akkurat når du les dette er det sannsynlegvis elevar på ein annan skule i fylket som vert trollbunde av Astrid Lindgren. Det er fint å tenkje på.

2. klassingene ved Brandbu barneskole vart trollbundne av forestillinga.  - Klikk for stort bilde2. klassingene ved Brandbu barneskole vart trollbundne av forestillinga. Marie Hundevadt

Til toppen