Fjellbedrifter frå Innlandet på Grüne Woche

For tredje året på rad var Fjell-Norge ein av regionane som presenterte lokal mat og reiseliv på den gigantiske messa "Internationale Grüne Woche" i Berlin.

Klikk for stort bildeInnlendinger på Grüne Woche 2020 Torunn H. Kornstad

Ti innlandsbedrifter

Til saman ti innlandsbedrifter innan lokalmatproduksjon og reiseliv fekk presentere seg og sine produkt på messa, i tillegg til at to lærlingar frå Brimi-kjøken fekk delta. Alle stod på hardt og samarbeidde om å presentere Fjell-Norge på ein flott måte.

Frå Fjell-Norge deltok mange bedrifter frå Setesdal i sør til Trøndelag i nord. Dei to andre regionane som fekk vera med var Fjord-Norge og Nord-Norge.

600 000 besøkande over ti dagar

Messa går over heile ti dagar i januar, og med opp mot 600 000 besøkande er det ei intens oppleving for utstillarane. Dei er delte i to grupper, slik at deltakinga byttar etter fem dagar.

Fjellnettverket administrerer og organiserer deltakinga frå Fjell-Norge, og dei inviterte ein stor delegasjon med politikarar og byråkratar til seminar om mat og reiseliv i fjellet, i tillegg til besøk på messa. Fylkesvaraordførar Aud Hove og seksjonssjef i Innlandet fylkeskommune Trond Carlson deltok saman med fleire andre frå Innlandet.

Deltakarane var godt nøgde med seminaret, og syntest bedriftene som deltok på messa både serverte gode produkt og presenterte Fjell-Norge på ein flott måte.

Klikk for stort bildeJorunn Stubsjøen, FM, ordførar i Os Runa Finborud, Eline Bryn, Bryn gardsmeieri. Torunn H. Kornstad

Bedriftene frå Innlandet

Frå Innlandet deltok følgjande bedrifter:

Klikk for stort bildeBilde av regional delegasjon og utstillarar på IGW 2020 Henning Holmbakken, Valdres Natur- og kulturpark

Til toppen