- Annleis og interessant - Innlandet fylkeskommune

- Annleis og interessant

Kva skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform? No er forskingsprosjektet Kunsten å lære i gong.

Kunstnar Malin Vik og lærar ved Søre Ål skole, Ida Nordstrand Veskje - Klikk for stort bildeKunstnar Malin Vik og lærar ved Søre Ål skole, Ida Nordstrand Veskje Søre Ål skole Prosjektet består av eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar samarbeider om å gje elevane  i 1. og 2. klasse kunst og skulefag over to år. 

Prosjektleiar for Kunsten å lære i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt, seier at oppstarten ved alle seks skulane har gått veldig bra.  

- Endeleg er vi i gong. Dette er veldig spennande. Alle skulane gjer akkurat det same. Resultatet skal målast gjennom det vi kallar eksekutive funksjonar i hjernen. Då tek vi i bruk både eit dataspel og eit spørjeskjema.

-Høve til å utvikle og oppdage kreative læreprosessar

Søre Ål skole  i Lillehammer er ein av seks skular i Innlandet som deltek. Adjunkt og lærar Ida Nordstrand Veskje er tydeleg på kvifor skulen valde å delta i prosjektet.

- Først og fremst var dette eit prosjekt som verka annleis og interessant. Her får vi høve til å utvikle og oppdage kreative arbeidsmåtar og metodar saman med elevane, ved hjelp av ein kunstnar. Ein av dei grunnleggande kompetansane som skal dekkast i den nye læreplanen handlar nettopp om kreativitet og innovativ tenking. 

Veskje fortel vidare at kunstneren skal jobbe tett saman med lærarane innafor det som er deira  hovudoppdrag.

- Vi trur at dette prosjektet kan være ei god støtte i arbeidet vårt med å lukkast i opplæringa.

Drama- og teaterkunst i undervisninga

Kunstner Malin Vik frå Alta, skreiv masteroppgåve ved OsloMet om drama som læringsform i Fagfornyinga. No er ho ansatt i eit engasjement i Innlandet fylkeskommune. Dermed er Kunsten å lære og Søre Ål skole hennar arena dei neste to åra. 

- Eg brukar i all hovuedsak drama- og teaterkunst i undervisninga, men tek óg i bruk verkemiddel frå både biletkunst, song- og stemmebruk, kunst og handverk med meir. Estetiske læreprosessar og metodar som tek i bruk kroppsleg, relasjonell, utforskande, skapande og effektive tilnærmingar til læring er tipp topp her, seier Vik entusiastisk. 

Oppstarten denne veka vart i hovudsak brukt til at kunstnar og elevane skulle bli kjende med kvarandre. 

- Dei fekk spørje so mange spørsmål dei ville rundt Kunsten å lære. Vi har leika, hatt namneleik og brukt god tid på lære om oss sjølve og kvarandre. Elevane har allereie imponert stort gjennom å vere tankelesarar, supergjettarar og utforskarar i møte med den nye læraren og Kunsten å lære.  

Håpar på større bevisstgjering 

Vik håpar at prosjektet skal bidra til bevisstgjering rundt måten vi tenker på, og forheld oss til læring.

- Eg håpar at fleire skal få opp augene for viktigheita av kunst og estetiske fag i skulen, og sjå at læring ikkje berre handlar om toppen, men å ta i bruk heile kroppen. Og, eg håpar å lære meir om kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen.

Fantastisk å vere i gong

Vik håpar at ho kan vere med på å skape ein skulekvardag fyld med leik og læring i skjønn foreining for elevane.

- Draumen er at dei skal få oppleve glede, meistring, magi og spennande møte gjennom bruk av kunst og kultur og estetiske læreprosessar. Elles håpar eg å få utvikle meg sjølv og mi rolle som pedagog.  

Vik understreker at ho synast det er fantastisk å vere i gong. 

- Etter mange veker og månader med venting var det endeleg i gong - ein pangstart med mykje latter, glede, litt forvirring, store auge og overraskande born. Både lærarar og elevar har teke meg godt i mot. Eg gler meg til fortsetjinga, avsluttar Vik. 

Om Kunsten å lære

  • Kunsten å lære er eit internasjonalt toårig prosjekt som forskar på kva som skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på skulen.
  • Prosjektet består av eit spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar samarbeider om å gje elevane kunst og skulefag kombinert, som ein del av «livet i skulen» over to år. 
  • Kunsten å lære vert fylgd av eit sjølvstendig forskingsprosjekt som ser på effekten opplegga har på born sine eksekutive funksjonar. Prosjektet er basert på ein pilot som vart gjennomført i 2018–2019.
  • Jørstadmoen, Aurvoll og Søre Ål skular i Lillehammer-regionen og Tylldalen, Fåset, Alvdal skular i Østerdalen er med i prosjektet.
  • Prosjektet er leia av Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Høgskolen i Innlandet, Creativity, Culture and Education (CCE), T-Tudok (gjennomfører same prosjekt i Ungarn), Kulturtanken, Nasjonalt senter for kunst og kultur i utdanningen (KKS), Nord universitet, Centro de Desarrollo den Tecnologias de Inclusion (CEDETI), Pontifical Catholic University i Chile, Skulesjefane i Lillehammer, Øyer, Tynset/Alvdal, ADHD Norge og Teater i Fjellregionen.

Du kan lese meir om prosjektet Kunsten å lære her.

Til toppen