Om skulen

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule består av skulestadene Dombås, Lom og Otta i ein felles organisasjon.

Skulen har til saman åtte utdanningsprogram og om lag 650 elevar. Skulen har som mål å gje innbyggjarane i regionen eit godt og desentralisert opplæringstilbod gjennom felles løysingar og samarbeid med næringslivet.

Avdeling Dombås tilbyr tre-årig studiespesialisering, og har om lag 50 elevar og 10 tilsette. Nye skulelokaler i samband med Dovre ungdomsskule stod ferdig august 2016.

Avdeling Lom har to utdanningsprogram; Studiespesialisering og bygg- og anleggsteknikk.
Skuleavdelinga har om lag 120 elevar og 25 tilsette. Nye skulelokaler for avdelinga sto ferdig ved skulestart 2013.

Avdeling Otta har sju utdanningsprogram med om lag 360 elevar og 100 tilsette. Skulen vart nyrenovert i 2010 som la til rette for gode læringsmiljø og godt læringsarbeid.

Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.

Til toppen