Gudbrandsdalsseminaret 2021 - Innlandet fylkeskommune

Gudbrandsdalsseminaret 2021

Norge i 1000 år - Kulturmøte og endring. Bindende påmelding innen 10. mai.

Dato
19. mai 2021
Tid
9:30 - 15:30
Sted
Maihaugen Lillehammer

Hausten 1021 for vikingkongen Olav Haraldsson med sine hærmenn frå nord
til sør gjennom Gudbrandsdalen. Føremålet var tosidig, kristne gudbrandsdølane
og styrke si eiga makt i Norge. Den som ikkje bøygde seg for Olav sin
vilje, vart hardt straffa. Det var inga varsam kristningsferd folket i Lesja,
Dovre, Skjåk, Lom, Vågå, Sel og Fron opplevde. Det heile kulminerte i
«klubbeslaget» på Hundorp. Da Olav fall på Stiklestad i 1030, reknar vi at
heile landet var kristna.

I 2021 blir det markering av desse hendingane i alle kommunane i dalen, som
endar med ei stor markering på Hundorp 29. juli 2021. Dette blir også tema for
Gudbrandsdalseminaret 2021. Her vil vi få foredrag om soge-forteljaren Snorre
Sturlason og hans Heimskringla, om olavstradisjonen og
reformasjonen, om kyrkjebygging i dalen og arkeologiske funn på Hundorp.
På olsokdagen i 1921 var det 900-årsjubileum på Hundorp med 5000 frammøtte,
blant dei kong Haakon. Denne tida var det fleire liknande store
nasjonale markeringar i Norge. Dette får vi også meir informasjon om.
På seminaret vil dessutan alle historielaga i dalen orientere om sine lokale
arrangement i jubileumsåret 2021.

Sjå program for dagen her. (PDF, 2 MB)

Arrangør

Innlandet fylkeskommune, Gudbrandsdal historielag, Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea

Kontakt

Kåre Hosar
Til toppen